Statnett har motteke løyve for å byggje og drive ein ny transformatorstasjon ved sida av eksisterande transformatorstasjon på Åsen i Odda kommune.

Den eksisterande transformatorstasjonen skal rivast når det nye anlegget er satt i drift.

  • Statnett og Odda Energi Nett planlegg å investere til saman nær 550 millionar kroner for å gi høve for vekst for industrien i Odda

Statnett har søkt om å byggje ein ny transformatorstasjon da den kraftintensive industrien i Odda har planer om å utvide og auke straumforbruket. I Odda er det i dag ikkje tilstrekkeleg kapasitet i dagens straumnett til å dekke dette behovet, derfor er det naudsynt å auke kapasiteten mellom sentral- og regionalnettet. For å kunne forsyne Boliden med straum, må også Odda Energi Nett forsterke overføringskapasiteten mellom Åsen og Tyssedal og byggje ein ny sjøkabel frå Tyssedal til Eitrheimsneset.

Avbøtande tiltak

NVE har pålagt Statnett å utforme stasjonen slik at den blir minst mogleg sjenerande for dei næraste omgjevnadene og det vil opparbeidast eit nytt parkeringsområde med rom for ca. 40 biler. Ny tursti vil etablerast frå parkeringsplassen inn til hytteområdet, der han møter eksisterande tursti. Eksisterande infrastruktur knytta til dagens parkeringsplass som lys, scootergarasje osv. vil flyttast til ny sti.

Vil ha god dialog med hyttenaboane

Som følgje av utbygginga av ein ny transformatorstasjon på Åsen må ei hytte innløysas og fleire hytter vil kome nærare den nye stasjonen enn eksisterande stasjon. Statnett er innstilt på å kalle inn til eit møte med Åsen Vel så raskt det lar seg praktisk gjennomføre for å forklare vidare prosess og korleis ein på best mogleg høve kan redusere ulempene ein ny stasjon vil påføre hyttefeltet.

Konsesjonsvedaket fra NVE finner du her


For meir informasjon sjå NVE sine heimesider. 

Kontaktperson Statnett: Pressevakt 23904000

Kontaktperson Odda Energi Nett: Per Bjarne Mosdal, tlf. 90 50 44 44, epost: pbm@oddaenergi.no