Dei nye spenna over Sogndalsfjorden (1) skal gå mellom Alpastølen og Vinesåsen i Sogndal kommune. I Sognefjorden (2) vil dei nye fjordspenna gå mellom Bjørnstigkampen og Ramnaberg i Lærdal kommune. Fjordspenna kan ein sjå på sjøkart nummer 122 og 124.
I samband med etablering av nytt fjordspenn over Sogndalsfjorden og Sognefjorden, kan området på kryssingsstaden bli heilt eller delvis stengt i periodar for anna sjøtrafikk. Begrensningar er aktuelt i tidsrommet april til oktober 2026. Dårleg ver kan føre til forseinkingar og justering av tidsplanen.
Det vil bli etablert ein seglingskorridor med definert bredde og høgde for å sikre trygg navigasjon i området. Detaljar og koordinatar over seglingskorridoren vil bli publisert i Etterretning for sjøfarande, EfS og kartverket.no/efs.
Sjøfarande må vise varsemd ved passering og retta seg etter signal og instruksar frå vaktbåtar på staden.
- Veke 15-24: "TEIST" med kallesignal LF 6302, mobil +47 909 46 654
- Veke 25-40: "TORNEDO" med kallesignal LE 4710. Mobil +47 971 63 935, og "ELIAS" med kallesignal LF 3392, mobil +47 909 46 654
Fartøya lyttar og sender på VHF kanal 16.
For meir informasjon, kontakt Statnett ved prosjektleiar: Fredrik Stenerud, mobil +47 997 91 062