Rivearbeidet vil i liten grad vere til hinder for naboar og bebuarar. Unntaket er når vi skal rive over veg, då blir det kortvarig stenging for trafikk. Dette vil varslast på førehand. Ein må rekna med noko støy då ein vil nytta eksplosivar for å fjerne linene frå mastene.

Dei gamle mastene og linene blir transportert ut frå leidningstraseen og til anleggsplassar før det blir sendt til resirkulering.

Bygging mellom Ramnaberget og Sogndal

Statnett er i gong med å bygge ny 420 kV leidning mellom Vik og Sogndal, som omfattar to lengre fjordspenn. Den nye leidningen skal på sikt erstatte eksisterande 300 kV mellom Hove og Sogndal og skal knyttast saman med Vik-Ramnaberg og Vik transformatorstasjon | Statnett på eit seinare tidspunkt.

Strekking over Sogndalsfjorden startar våren 2026

Det blir mobilisering av materiell og utstyr no i haust og før påska 2026 før arbeid med strekking av dei siste linene over Sogndalsfjorden startar. Spennet over fjorden går frå Vinesstølen til Øyrafjell, parallelt med linene som allereie er installert. Sjølve strekkinga over fjorden er planlagt starta opp i april 2026 med forventa ferdigstilling i juni 2026.

Strekking av linene over Sogndalsfjorden skal gå føre seg utan å hindre ferdsel på fjorden. Ved strekking over riksveg 13 og fylkesveg 5616 (Fimreite) vil vegen bli stengt i korte periodar.

Statnett vil også starte arbeidet med å strekke liner over Sognefjorden, mellom Bjørnstigkamben og Straumsnes.  Det er planlagt at dette arbeidet vil starte til sommaren 2026 og avsluttast i 2027. Dette vil bli verdas lengste fjordspenn på 420 kV. Vi vil kome tilbake med meir informasjon om dette arbeidet.

Høge smell ved bruk av eksplosivar

Ved sprenging varslar Statnett sin entreprenør politiet om aktiviteten og rutinar for varsling er i samsvar med gjeldande reglar. Eksplosjon blir varsla med signal før detonering. Lyden frå eksplosjonen er høg og kan bere langt.