Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har motteke fire konsesjonssøknadar frå Statnett SF, Sygnir AS og Statkraft AS for kraftleidningstiltak i Vik kommune i Vestland fylke.
Statnett søkjer om å byggje ein ny 420 kV kraftleidning frå Ramnaberg til nye Vik transformatorstasjon i Ovrisdalen. Sygnir søkjer i hovudsak om å overta og byggje om Statnett sin eksisterande 300 kV kraftleidning til 132 kV på strekninga frå Dagshovden til Hove, overta og byggje om Statnett sin transformatorstasjon på Hove til 132 kV, etablere ein 132 kV kraftleidning frå Hove til Refsdal og ny Refsdal transformatorstasjon. Statkraft søkjer om endra tilknyting til kraftnettet for Hove, Refsdal og Målset kraftverk.
Dei fire søknadane sendast på ei felles høyring. Høyringsfristen er sett til 7. januar 2026.
Søknadane og meir informasjon om høyringa er tilgjengelege på NVE sine internettsider:
• Statnett: www.nve.no/16091/A
• Sygnir: www.nve.no/16121/A
• Statkraft (Hove kraftverk): www.nve.no/25810/A
• Statkraft (Refsdal og Målset kraftverk): www.nve.no/25797/A