Statnett planlegg å bygge to nye, parallelle kraftleidningar mellom Sauda og Gismarvik transformatorstasjonar. Dei nye kraftleidningane skal erstatte eksisterande kraftleidningar mellom Sauda og Håvik og Sauda og Kårstø. Eksisterande kraftleidningar nærmar seg teknisk levetid, og må skiftast ut. Statnett har meldt to hovudalternativ på strekninga med fleire delalternativ.   

NVE har bedt Statnett om å utgreie alle traseane dei sjølv har meldt inn. NVE har også fått fleire gode alternativ frå høyringspartane, som NVE har bedt Statnett utgreie.

Videre prosess

Neste steg i prosessen er at Statnett sender inn ein søknad med konsekvensutgreiingane. Deretter gjennomfører NVE ei ny høyring med moglegheit for å gi innspel til det Statnett søkjer om. NVE vil basert på høyringa og eigne vurderingar, avgjere kva trasé Statnett får løyve til å byggje. 

Les meir på NVE sine nettsider: Utgreiingsprogrammet og notat med grunngjeving for programmet er tilgjengeleg på sakas nettside: Konsesjonssak: Ny 420 kV Sauda - Gismarvik