Rivning av gamle fjordspenn over Sognefjorden og Sogndalsfjorden
Første veka i november vil dei gamle linene over Sogndalsfjorden bli kutta.
Når dette spennet er fjerna, er det planlagd å starte opp mellom Dueskard og Frønningen over Sognefjorden. Arbeidet skal vere ferdig før jul 2026. På nyåret vil arbeidet halde fram med å fjerne dei gamle mastene som ikkje lenger er i bruk.
Vil bruke 3-5 dagar på å fjerne linene over Sogndalsfjorden
Rivning av fjordspenn inneber at linene som heng over fjorden blir kutta i ein ende, og spola inn på den andre sida. Lina vil lande på sjøen, og det blir lagt ut lekterar som bidreg til å spole opp linene. Etter at lina er i sjøen vil det ta 3-5 dagar før alt er spola opp.
Statnett vil vere til stades på sjøen med vaktbåtar for å sikre ei trygg gjennomføring. Aktivitetane er også meldt i EFS – etterretning for sjøfarende (Midlertidige (Temporary) (T) og foreløpige (Preliminary) (P) meldinger i norske sjøkart.).
Kutting av liner skjer ved bruk av eksplosivar som vil gi høge smell. Sjøl om det blir brukt godkjend varslingssignal før eksplosjonar, erfarer Statnett at lyden frå eksplosjonen er mykje høgare enn varslinga.