Rivearbeid
Dei gamle mastene mellom Vassbygdi og Frønningen skal rivast. Dette arbeidet vil pågå ut april månad, og tar en pause før arbeidet blir tatt opp igjen i perioden august til oktober 2026. Alle master og fundament fjernast, og jorda skal setjast i stand slik at stedbundne artar kan vakse til igjen. Spor etter det gamle anlegget forsvinn etter nokon år.
Sogndalsfjorden - fjordspenn
På Alpastølen og på Vines er mastene på kvar side av Sogndalsfjorden bygd ferdig, og strekking over fjorden vil starte opp etter påske. Strekkinga av straumledningar over Sogndalsfjorden inneber ikkje at leidningane må leggjast på fjorden, men strekkast over skipa si seglingshøgde. Arbeidet skal difor ikkje påverke skipstrafikken.
Statnett vil vere til stades på sjøen med ein vaktbåt ut frå omsyn til tryggleik i periodane kor arbeidet med strekking går føre seg. Strekkinga er varsla i EFS Etterretninger for sjøfarende nr. 19-2025. Fjordspennet mellom Alpastølen og Vines skal etter planen vere ferdig i løpet av juni 2026.
Sognefjorden - fjordspenn
Statnett har starta førebuingane for å etablere eit nytt fjordspenn mellom Bjørnstigkamben (Fimreite) og Tjørnhaugen (Feios). Materiell skal transporterast og plattformar skal støypast i fjellsida for å strekke dei over 5 km lange straumleidningane over fjorden.
Fjordspennet blir verdas lengste på dette spenningsnivået (420 kV) på omtrent 5,2 km. Sjølve strekkinga over fjorden er planlagt i juli og er meldt i EFS Etterretninger for sjøfarende nr. 23-2025. Vi vil informere meir om dette arbeidet før oppstart. Strekkinga av straumkablane over fjorden vil innebere innskrenkingar for skipstrafikken i periodar.
Leidningsbygging
På Lingesetfjellet og på Fimreiteåsen går det no føre seg arbeid med mellom anna kartlegging av fuglar, kulturminne og klargjering av strekking av straumliner mellom nye master som er montert i 2025. I samband med dette arbeidet vil det vere anleggstrafikk via Fimreite.
Vassbygdi - Aurland stasjon
Ombygginga av Aurland stasjon i Vassbygdi held fram. Noko av det gamle anlegget skal rivast for å gje plass til eit nytt anlegg. I samband med dette arbeidet er det behov for å transportere massar, materiell og mannskap gjennom Hagatunnelen på Fv 50.
Støyande aktivitet
Dei fleste aktivitetane inneberer behov for sprenging og bruk av helikopter, som vil gje ein del støy.
Statnett varslar med dette om sporadisk sprenging i perioden april-oktober i samband med arbeidet som skal gå føre seg. Bruk av eksplosivar vil bli varsla på førehand med signal.
I samband med aktiviteten som nå går føre seg, vil Statnett sine entreprenørar varsle politiet om aktiviteten. Varslingsrutinar er i tråd med gjeldande reglar.
Det vil vere mykje anleggstrafikk og bruk av helikopter i samband med bygginga av ny 420 kV-linje mellom Sogndal og Vik (Hove), og oppgradering av Aurland 1 transformatorstasjon.
Statnett beklagar for ulemper og støy som vil oppstå som følge av anleggsaktiviteten.