Statnett vil no starte arbeidet med å innhente tilbod frå entreprenørar for å vere klar til planlagt byggestart i løpet av 2020.

Den eksisterande stasjonen på Åsen, ved Ringedalsdammen, er snart 40 år gammal. Behovet for ein ny stasjon har kome fordi det er behov for meir transformeringskapasitet grunna planer om utviding av industribedrifter i Odda og Tyssedal. I tillegg ville dagens stasjon uansett vere moden for rehabilitering om få år.

 

Odda er eit område med betydeleg lokal kraftproduksjon og industriforbruk. Energioverskottet og tilknytinga til transmisjonsnettet har historisk gitt stabil forsyning av dagens forbruk. Statnett har i lengre tid vore i dialog med Odda Energi Nett om auka straumforbruk ved dei to industribedriftene i Odda: Boliden Odda AS og Tizir Titanium & Iron AS (TTI). Både Boliden og TTI er viktige industriaktørar i området med høg aktivitet og omsetnad. Boliden har konkretisert eit behov for ca. 100 MW frå 2022. TTI sine planar er meir usikre og ligg lenger fram i tid.

 

Statnett arbeider no etter ein framdriftsplan kor nye Åsen stasjon er forventa å vere i fullverdig drift i løpet av 2022.

Avgjerda til styret i Statnett er tatt under føresetnad av at Boliden tek ei nødvendig investeringsslutning for utviding av bedrifta si.

 

Tidlegare denne månaden fatta Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) eit konsesjonsvedtak kor Odda Energi Nett og Statnett er gitt løyve til bygging av ny transformatorstasjon og nytt straumnett frå Åsen via Tyssedal. NVE sitt vedtak er ikkje endeleg.