Oppdatert investeringsplan

Statnett har sendt oppdatert investeringsplan til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Planen er ein offentleg statusrapport over planlagde, pågåande og fullførte prosjekt som sendes annakvart år.  I tillegg har vi sendt over ein investeringsplan med forventa idriftsettelse for tiltak, kostnadar og grunngjeving for tiltak. Dei åra Statnett ikkje sender over oppdatert investeringsplan, publisera vi Nettutviklingsplan, som beskriv kreftene som driv utviklinga av kraftsystemet, pågåande utbyggingsprosjekt og planlagde tiltak.

Raskare elektrifisering

Ei mogleg auke i investeringsnivå kjem i hovudsak av at ein ventar at elektrifiseringa av samfunnet inntreff tidlegare, til dømes gjer forbruksplanar i Bergen og omland at det blir behov for å styrke nettet. 

- Samstundes som at ein raskare elektrifisering og industrivekst framskundar behovet for fornying i straumnettet, må Statnett prioritere mellom prosjekt for å halde aktivitetsnivået jamt,  seier konserndirektør for teknologi og utvikling i Statnett Håkon Borgen.

Behovet for å fornye ein aldrande anleggsmasse vil liggje fast. Det neste tiåret  utgjer stasjonsfornyingar den største delen av den planlagde fornyinga, mens leidningsfornyingar kjem etter det. I tillegg kjem fornyingar og planlegging av nye forbindelser knytt til anlegg Statnett tar over i forbindelse med tredje elmarknadspakke i regionene.

Lokalisering av nye forbruks- og produksjonseiningar er truleg den faktoren som har mest å si for kommande investeringsnivå. Utover signal gitt av marknaden og tariffar som anleggsbidrag, kan Statnett bidra med god rettleiing vedkommande avgrensingar i nettet. I tillegg kan avtalar med forbruks- og produksjonsavgrensing bidra til å auke volumet i eksisterande nett, utan eller i påvente av investeringar. Fleksibilitet i nye forbrukseiningar vil også kunne bidra til å redusere behovet for investeringar. 

 

Handsama eit volum på 18 700 MW sidan 2018

Sidan 2018 har Statnett handsama eit totalt volum på kring 18 700 MW av nytt straumforbruk og ny straumproduksjon,  der ein tredjedel er reservert utan nettinvesteringar. For å legge til rette for det nye forbruket har Statnett pågåande utgreiingar med regionale nettselskap i ulike regionar, som til dømes i Bergen og omland og Nordmøre og Romsdal. Statnett har styrka dialogen med regionale nettselskap og andre aktørar i fleire områder.

- Me ser no sannsyn for å framskunde somme fornyingar og samtidig starte opp nye prosjekt. Framskundinga inneber ein tilsvarande reduksjon seinare. Utarbeiding av regionale og nasjonale nettutviklingsplanar er sentralt for å finne den beste løysinga på tvers av nettnivå for å møte forbruksauke i regionar og inn mot byane, seier Håkon Borgen.

I kommande nettutviklingsplan vil Statnett sjå nærare på korleis elektrifiseringa vil påverke framtidig investeringsnivå også på lang sikt.

 

Små kostnads- og framdriftsendringar for pågåande prosjekt

Statnett har avslutta åtte prosjekt sidan Nettutviklingsplanen for 2019. Alle prosjekta rapporterer ein lågare sluttkostnad. - Dette er mellom anna eit direkte resultat av pågåande arbeid med optimalisering av prosjektgjennomføringa og effektiviseringsarbeidet me har gjennomført, seier konserndirektør for bygg og anlegg i Statnett Elisabeth V. Vardheim.  

Kostnads- og framdriftsendringar for prosjekt i gjennomføringsfasa kjem i hovudsak av utfordringar hjå enkeltleverandørar. Framdriftsendringar fører til replanlegging, som igjen gir utfordringar med å få naudsynt høve til å kople frå anlegg i straumnettet for å kunne gjennomføre arbeida. - Foreløpig ser me moderate endringar for prosjekt under gjennomføring som følgje av koronapandemien, men det er framleis usikkert kva for konsekvens pandemien vil gi på lengre sikt, forklarar Vardheim.

 

Statnett jobbar med fleire tiltak for å halde fram med god kostnadskontroll

Det er betydeleg usikre i kommande investeringsnivå, spesielt med omsyn til tid, storleik og lokalisering av nye forbruks- og produksjonseiningar. - Likevel ser me at me kjem til å måtte gjennomføre mange prosjekt i tida som kjem, som følgje av auka takt i elektrifiseringa og behov for reinvesteringar i eksisterande nett. I ei tid med stor aktivitet, er det viktig med god kostnadskontroll og bygge rett prosjekt til rett tid, seier Vardheim.

Statnett har fleire initiativ for å utnytte potensialet i digitalisering. Meir effektiv bruk av stor datamengd, digital overvaking og tilstandskontroll på anlegg, samt innføring av “building information modeling” (BIM) i planlegging og gjennomføring, er døme på initiativ Statnett jobbar med. Gjennom senter for FoU og teknologiutvikling har Statnett mål om å auke innovasjonstakten. I tillegg har fokus på forenklingar redusert timeforbruket for prosjekt under planlegging, og gjennom  forenkla prosjektprosessar oppnår Statnett allereie enklare og meir effektive prosessar. 

 

Vidare prosess fram mot Nettutviklingsplan 2021

Nettutviklingsplanen 2021 er planlagt publisert 1. oktober 2021. Her vil Statnett skildre venta framtidig nettutvikling. Den offentlege prosessen fram mot neste plan startar med digitalt Nasjonalt kraftsystemmøte 22. oktober. Statnett kjem også til å invitere bransjen til tema- og områdemøter fram til publisering av NUP 2021.