- Eg vil rette ein stor takk til lokalbefolkning, grunneigarar og lokale styresmakter som har vore råka av denne utbygginga for eit godt samarbeid. Og samstundes gratulera dei med ein ny kraftleidning som vil bidra med auka straumtryggleik, legge til rette for auka straumproduksjon og ny næringsaktivitet, seier konserndirektør Christian Færø i Statnett.
Viktig fyrste steg for auka kapasitet i straumnettet og legge til rette for ny produksjon og forbruk på Vestlandet
I Noreg har vi eit desentralisert kraftsystem, kor ein historisk har bygd ut straumproduksjon og -forbruk i nærleiken av kvarandre. Difor har det heller ikkje har vore eit stort behov for store kraftledingar for å sende straum frå nord til sør.
- Kraftsystemet er i stor endring og den nye kraftleidningen mellom Aurland-Sogndal er eit viktig steg i å styrke kapasiteten i straumnettet i nord-sør retning. Frå og med i dag har vi eit gjennomgåande straumnett på det høgaste spenningsnivået frå Finnmark til Agder, seier Færø.
Den eksisterande kraftleidningen mellom Aurland og Sogndal har vore ein flaskehals internt i prisområdet NO5. Den nye kraftleidningen samt oppgraderingane i stasjonane i Sogndal og Aurland vil auke kapasiteten i straumnettet sørover over Sognefjorden og legge til rette for auka straumproduksjon i området rundt og nord for Sognefjorden.
Kapasitetsauken over fjorden vil variere mellom 250 og 500 MW grunna termiske restriksjonar på den andre leidningen sørover frå Sogndal i retning bergensområdet. Andre restriksjonar i nettet sørover i NO5 som Mauranger - Blåfalli og i Gudbrandsdalen, NO1, vil framleis avgrense overføringa nord-sør.
- Vi arbeider målretta mot å forsterke nettet nord-sør, og har starta på forsterkninga frå Sogndal mot Bergen. I tillegg går det føre seg eit stort arbeid med å forsterke nettet gjennom Gudbrandsdalen og i bergensområdet, seier Færø.
Meir informasjon om prosjekta finst i områdeplan Innlandet og områdeplan Bergensområdet og Haugalandet.

Startar rivinga av den gamle kraftleidningen til hausten
Den nye kraftleidningen mellom Aurland og Sogndal er bygd til erstatning for den gamle leidningen som går rett i nærleiken av den nye lina. Arbeidet med å fjerne den gamle leidningen vil starte til hausten.
- Å ikkje oppta meir areal enn det som er naudsynt er eit styrande element når vi planlegg nettforsterkningar. Her har vi bygd parallelt med den gamle kraftleidningen for å unngå å gå i nye trasear, og det at vi riv den gamle gjer at naturen kan ta tilbake det arealet, avsluttar Færø.