På den eine strekningen, som er ca. 5 km lang, planleggar Statnett å etablere 22 mastar på sørsida av dagens leidning. På den andre strekninga, som er ca. 11,5 km lang, ønskjer Statnett å etablere 45 mastar på nordsida av den eksisterande
leidninga.
Leidningen mellom Refsdal og Modalen er viktig for strømforsyninga av
bergensområdet og tiltaket det no søkjes om er nødvendig for å oppretthalde driftstryggleiken i periodar med ising og sterk vind. Tiltaket går gjennom Stølsheimen landskapsvernområde.
Søker om monomaster parallelt med den eksisterande leidningen
Statnett har søkt om å ta ned eksisterande toppliner over to strekningar på dagens 420 kV kraftleidning Refsdal–Modalen og å etablere nye toppliner i nye mastar, såkalla monomastar, parallelt med den eksisterande leidningen. Høyringsfråsegn kan sendast til NVE innan 14. august 2026.