Varsel om støy Vassbygdi, Aurland
Langs Fylkesveg 50 ved Låvisberget blir det hausten 2026 utført arbeid i samband med utbygginga på Aurland 1 stasjon. I samarbeid med Hafslund Kraft skal det etablerast ein tunnel for å leie bort flaumvatn frå fjellet bak stasjonen.
Arbeidet vil inkludere sprenging og boring i fjellet. Det blir også mykje transport av masser. Massane skal lagrast ved riggområdet i Holeteigen.
Arbeidet med etablering av ein tunnel for å lede flaumvatn vekk frå stasjonen vil vare til våren 2027.
Den siste veka i oktober, veke 44, blir det mykje aktivitet inne på stasjonen, blant anna skjoting av liner. Skjoting av liner inneber bruk av eksplosivar i friluft, noko som gir eit høgt smell og lyden kan bere langt. Arbeidet er planlagd utført på dagtid.
Arbeidet på og rundt Aurland stasjon går etter plan og vil vare ut heile 2027.
Rivning av gamle fjordspenn over Sognefjorden og Sogndalsfjorden
I oktober startar førebuingane for rivning av fjordspennet mellom Fardal og Vines (Fardalsspennet) over Sogndalsfjorden. Første veka i november vil dei gamle linene over Sogndalsfjorden bli kutta.
Når dette spennet er fjerna, er det planlagd å starte opp mellom Dueskard og Frønningen over Sognefjorden. Arbeidet skal vere ferdig før jul 2026. På nyåret vil arbeidet halde fram med å fjerne dei gamle mastene som ikkje lenger er i bruk.
Rivning av fjordspenn inneber at linene som heng over fjorden blir kutta i ein ende, og spola inn på den andre sida. Lina vil lande på sjøen, og det blir lagt ut lekterar som bidreg til å spole opp linene. Etter at lina er i sjøen vil det ta 3-5 dagar før alt er spola opp.
Statnett vil vere til stades på sjøen med vaktbåtar for å sikre ei trygg gjennomføring. Aktivitetane er også meldt i EFS – etterretning for sjøfarende (Midlertidige (Temporary) (T) og foreløpige (Preliminary) (P) meldinger i norske sjøkart.).
Kutting av liner skjer ved bruk av eksplosivar som vil gi høge smell. Sjøl om det blir brukt godkjend varslingssignal før eksplosjonar, erfarer Statnett at lyden frå eksplosjonen er mykje høgare enn varslinga.
Støyande aktivitet
Dei fleste aktivitetane inneber behov for sprenging og bruk av helikopter, noko som vil medføre ein del støy.
Statnett varslar med dette om sporadisk sprenging i samband med arbeidet som skal gå føre seg. Bruk av eksplosiv vil bli varsla på førehand med signal.
I samband med den pågåande aktiviteten vil Statnett sine entreprenørar varsle politiet om arbeidet. Varslingsrutinane er i tråd med gjeldande regelverk.
Statnett beklagar for ulempene og støyen som vil oppstå som følgje av anleggsaktiviteten.