Arbeidet denne sesongen vil omfatte skogrydding, støyping av fundament, montering av master og strekking av liner. Det vil vere aktivitet i alle kommunane som leidninga går gjennom. I tillegg vil vegar som fører inn til leidningstraseen i Kvam, Granvin og Ulvik få naudsynt forsterking og utbetring for å tola transporten.

Arbeidet vil gå føre seg frå måndag til laurdag mellom klokka 07.00 og 19.00. Arbeid utanom oppgjevne tidsrom kan førekome.

Arbeidet involverer bruk av helikopter, bilar for persontransport og tyngre maskinar som lastebilar, betongbilar og gravemaskinar. Noko auka trafikk på ein del lokale vegar må påreknast.

Kontakt: Byggjeleiar Lars Aga tlf. 90 76 77 78,

ass. byggjeleiar Tore Lunestad tlf. 91 86 68 28.