Arbeidet denne sesongen vil omfatte skogrydding, støyping av fundament, montering av master og strekking av liner. Størst aktivitet vil vere i Kvam, Granvin og Ulvik herad.

Arbeidet vil gå føre seg frå måndag til laurdag mellom klokka 07.00 og 19.00. Arbeid utanom oppgjevne tidsrom kan førekome. Arbeidet involverer bruk av helikopter, bilar for persontransport og tyngre kjøretøy som lastebilar, betongbilar og gravemaskinar.

Statnett planlegg å bygge ferdig leidningen mellom Simadalen og Samnanger i løpet av 2013. Leidningen er viktig for å trygge straumforsyninga i Bergen og andre delar av Hordaland, samt gje høve til å etablere ny fornybar kraftproduksjon på Vestlandet.