NVE vil arrangere høyringar for å få kartlagt kva for alternativ ein bør utgreia vidare og kva for konsekvensar som bør kartleggjast.

 

Kraftleidningen som Statnett ønskjer å oppgradere vart bygd for 300 kilovolt (kV) i 1968. No har ein bruk for å auke kapasiteten på strekninga Mauranger - Samnanger. Saman med ei planlagd temperaturoppgradering (straumoppgradering) frå Blåfalli til Mauranger vil dette gje større overføringskapasitet mellom Rogaland og Hordaland. Leidningen vil bli bygd tilrettelagt for 420 kV, men bli driven med 300 kV spenning inntil vidare.

 

Det overordna føremålet med oppgraderinga er å auke nettkapasiteten i nord–sør-retninga på Vestlandet. Landsdelen er i dag eit område med kraftoverskot, men låg magasinkapasitet. Dette fører til stor kraftflyt inn i området i kalde og tørre periodar, og stor kraftflyt ut i våte periodar. Det finst og mange planar om nye vasskraft- og vindkraftverk i regionen.

 

Oppgraderinga vil bli gjennomført ved at ein byggjer ny kraftleidning i staden for den gamle, som deretter vil bli riven. Alternative trasear blir vurderte på delar av strekninga, av omsyn til utfordringar med drifta som mellom anna framkomsttilhøve og klimalaster.

 

Leidningen frå Mauranger til Samnanger er totalt ca. 50 km lang. Melde oppgraderingar utgjer ei strekning på ca. 38-45 km.

 

Statnett har valt å melde følgjande for vidare utgreiing:

  • Ny leidning blir bygd parallelt med eksisterande Samnanger – Mauranger, eksisterande leidning blir riven.
  • Ny leidning blir bygd delvis parallelt med eksisterande Samnanger – Mauranger, men i ny trasé frå Ænes/Fureberget i Kvinnherad til dagens fjordkryssing over Hardangerfjorden ved Torsnes i Jondal kommune, og då er det:
    • To alternative traséalternativ blir melde på strekninga Molthaug –Daurmålsdalen i Jondal
    • Nytt fjordspenn over Maurangsfjorden
    • Ny stasjon på Ænes/Fureberget

 

Blir det gjort traséjusteringar sør for Hardangerfjorden, føreset dette å leggje ein ny stasjon lenger ute og eit nytt fjordspenn ved Fureberg vest for Mauranger stasjon. To moglege område er vurderte for ny transformatorstasjon: Ænes og Fureberg.

 

Investeringskostnadene for fornying av leidningsnettet og klargjering for 420 KV driftsspenning mellom Samnanger - Mauranger er førebels estimert til 600-950 MNOK.