Arbeidet vil kunne vedkome grunneigarar, og vil bli gjennomført frå mai til desember i år.

Leidningstraseen vert markert med stikk i terrenget. Bruk av ATV og helikopter kan bli naudsynt, og der det er aktuelt å bruke motoriserte terrengkøyretøy til landmålingsarbeidet, vil grunneigaren bli kontakta.

Stiknings- og landmålingsarbeidet vert gjennomført med heimel i lov om eigedomsregistrering (matrikkellova) av 1.1.2010, §§ 41, 43 og i matrikkelforskrifta § 64.

Eventuelle skadar arbeidet fører med seg vil bli gjort opp etter avtale eller ved skjønn.

               

Spørsmål om arbeidet kan rettast til:

Traséplanleggjar Kolbjørn Mittet, tlf. 901 17 468

Prosjektleiar Bente Rudberg, tlf. 907 50 280