Statnett gjennomfører i desse dagar møte med grunneigarar langs heile traseen for leidningen frå Sauda i Rogaland til Samnanger i Hordaland. Det er naudsynt å auke kapasiteten i sentralnettet på Vestlandet, og Statnett planlegg derfor å oppgradere denne leidningen.

Målet med møta med grunneigarane er å orientere om Statnett sitt planleggingsarbeid og å kartlegge tilhøve som kan vere viktig for dei tiltaka som skal gjennomførast.

Utbygging av fornybar kraftproduksjon, forbruksvekst i byane og i industrien samt auka handel med kraft med andre land vil endre transportmønsteret i det norske leidningsnettet. Dette vil gjere det naudsynt å auke overføringskapasiteten i leidningsnettet i området mellom Sauda og Samnanger.

- For å kunne ta imot meir ny produksjon på Vestlandet, sikre straumforsyninga og bruke mellomlandsforbindelsene på best mogleg vis, må vi auke overføringskapasiteten på leidningsnettet mellom nord og sør på Vestlandet, seier prosjektleiar Bente Rudberg i Statnett.

I dag går det ei 300 kilovolt (kV) kraftleidning frå Statnett sin transformatorstasjon i Sauda til transformatorstasjonane Blåfalli og Mauranger i Kvinnherad kommune, og frå Mauranger til BKK sin  transformatorstasjon i Samnanger. Statnett sine analysar viser at den beste måten for samfunnet å auke overføringskapasiteten på, vil vere å bygge om den 300 kV-leidningen som går frå Sauda til Samnanger til å ha ei driftsspenning på 420 kV.

Dette er og i tråd med Statnett sin langsiktige strategi om å oppgradere alle 300 kV-leidningar føretaket har, slik at anlegga blir standardiserte på 420 kV.

I løpet av eit års tid planlegg Statnett å søke konsesjon for ombygginga.

-  I arbeidet med søknaden vil Statnett ta kontakt med ulike partar for å få innspel på løysingar, seier Rudberg.

Søknaden sendes NVE og vil bli lagt ut for offentlig høring.

Møta med grunneigarane blir gjennomført i Sauda (vart gjennomført 27. august), Sævareid skule i Stordalen (Etne) 9. september, Åkra skule (Kvinnherad) 10. september, Rosendal Fjordhotel (Kvinnherad) 11. september, Ljones grendehus (Kvam) 16. september og Jondal hotell og gjestgjevarstad 17. september.