Dette vil dels skje ved at vi brukar mastene som står der i dag, og dels ved å byggje nye master som erstattar dei gamle. Slik kan vi dekkje behovet for å transportere meir kraft på denne strekninga utan å ta i bruk ein ny trasé.

I samband med dette inviterer vi til informasjonsmøte

  • på Rosendal Fjordhotel måndag 7. april kl. 19.30 – 21.00
  • på Thon Hotel Sandven i Norheimsund onsdag 9. april kl. 19.30 – 21.00

På informasjonsmøta vil vi presentere planane våre så langt, og utgreiings- og konsesjonsprosessen vidare.

Vi held òg ope kontor

  • på Rosendal Fjordhotel måndag 7. april kl. 16.00 – 19.00
  • på kommunehuset i Jondal tysdag 8. april kl. 15.00 – 19.00
  • på Thon Hotel Sandven i Norheimsund onsdag 9. april kl. 16.00 – 19.00
  • i Rådhuset i Etne torsdag 10. april kl. 10.00 – 13.30

På desse tidspunkta vil prosjektleiaren hos Statnett vere til stades for å ta imot innspel, svare på spørsmål og diskutere moglege løysingar med dei som stikk innom. Du vel sjølv kvar og når du vil møte opp innanfor tidsrammene ovanfor.

Vi vil arrangere tilsvarande informasjonsmøte og ope kontor i Sauda noko seinare, da dette vert samordna med informasjon om planar for Sauda transformatorstasjon og oppgradering av leidningane vidare sørover frå Sauda.