Den nye leidningen skal erstatta ein gamal leidning som går der frå før, men den nye skal byggjast slik at han om nokre år kan drivast med høgare spenning.    

              

Den omsøkte leidningen vil i hovudsak følgje den gamle. Berre på nokre få plassar er det avvik, og då er dette nærare grunngjeve i søknaden. På ei strekning frå Jukla til Skyrdalsskardet er det søkt om to alternative trasear. Det same gjeld på strekninga frå Breidsete til Eidesfossen.

Årsaka til at det er søkt på to alternativ forbi Skyrdalsskardet, er at ein er usikker på rasfaren i området. Dersom den ny leidningen går over toppen av Skyrdalsskardet, er ein usikker på kor store klimapåkjenningar han vert utsett for. Både rasfaren og klimatilhøva er under utgreiing og vil bli gjort greie for i to rapportar som skal vere ferdige før sommaren.

Den nye leidningen må byggjast fordi ein treng meir overføringskapasitet for straum i området. Meir kapasitet må til for å få transportert ut både ny og eksisterande kraftproduksjon.

Til saman vert den nye leidningen 23 kilometer. Statnett søkjer om å få bruke impregnerte trestolpar på strekninga.

Leidningen vert dimensjonert for 132 kV for å ta høgde for framtidige  småkraftutbyggjingar. Dei første åra vil leidningen bli drive med 66 kV spenning, det same som i dag. Tidspunktet for når den nye leidningen vil bli drive med 132 kV spenning er ikkje avklara enno, mellom anna fordi det heng saman med kor mykje småkraft som vert bygd ut i Jondal i åra som kjem.

Kostnadane for investeringane i den nye leidningen er førebels berekna til   75 – 115 millionar kroner. Statnett strekar under at det er stor usikkerheit knytta til dette overslaget.

I konsesjonssøknaden kjem det fram at Statnett har som mål å ferdigstille den nye leidningen i løpet av 2019. Etter at den nye leidningen er satt i drift, vil den gamle bli rive.