Når eksisterande line skal rivast kan det bli nytta eksplosivar for å frigjere leidningen frå mastene. Ved montering av nye liner vil det bli nytta endehylser med innlagte eksplosivar til avspenning av faselinene. Ved avfyring kan ein høyra eit høgt, skarpt smell som ved eksplosjon i friluft. Det er inga fare for sprut eller fragmnet frå prosessen, men lyden kan bere langt. Sirene for varsling av detonasjon blir nytta på same måte som ved fjellspregning. Arbeidet vil halde fram ut veke 40. Vi vonar dette ikkje skapar mykje bry for bebuarar i området.

 

Arbeidet er planlagt gjennomført utan stenging av Hjørundfjorden. Vaktbåtar vil dirigere båttrafikk under arbeidsoperasjonen.

 

For meir informasjon kontakt Asbjørn Tenfjord i Statnett på telefon 959 84 686.