Den nye kraftleidningen legg til rette for verdiskaping, trygg strømforsyning og bidreg til Noreg sine klimamål.

 

– Dette er ein viktig og stor dag for Midt-Noreg og Sogn og Fjordane. Endeleg har Midt-Noreg ei god og sikker strømforsyning. Samstundes kan verdiane i dei planlagde fornybarprosjekta i Sogn og Fjordane som har venta på eit sterkt nok strømnett realiserast, held Vardheim fram.

 

Ørskog-Sogndal starta som ei rein forsyningslinje frå Vestlandet til Midt-Noreg i 2006, grunna eit stort energiunderskot i Midt-Noreg. Undervegs i prosessen blei det naudsynt å endre konseptet, då rundt hundre småkraftverk i Sogn og Fjordane har søkt om å byggje ut. I 2009 måtte Statnett innføre ein stans for tilkopling av ny strømproduksjon i regionen, grunna manglande nettkapasitet. Dette førte til at omlag 100 småkraftverk sto på vent.

 

– Som fylgje av dette blei prosjektet utvida og vi har gått frå å utvide to stasjonar til å byggje seks nye og ei utviding av Ørskog transformatorstasjon, for å leggje til rette for alle fornybarprosjekta. Ørskog-Sogndal er med sine 30 mil og 6 nye transformatorstasjonar det største kraftleidningsprosjektet i Noreg, framheld Vardheim.

 

Utbygginga av prosjektet starta på Moskog transformatorstasjon oktober 2011. Etter fem år med utbygging står Statnett sitt største prosjekt ferdig og anlegget er sett i drift. På tross av forseinkingar som følgje av usemje om val av trasé i Myklebustdalen, Bremanger, og utfordringar med vêr og terreng har prosjektet klart å oppretthalde framdrift ved å ha fleksible entreprenørar og eit spesielt godt samarbeid med dei regionale nettselskapa.-Det er berre eitt år sidan vi fekk tilgang til det siste området i Myklebustdalen, og eg vil rose entreprenørar og prosjektmedarbeidarar som har klart å gjere ferdig dette prosjektet trass i utfordringane og innanfor kostnadsramma, avsluttar Vardheim.

 

Prosjektet er ferdigstilt innanfor kostnadsramma med ein totalkostnad på 5,5 mrd NOK. 

{Faktaboks}

 

Kontaktperson i Statnett:

Martha Hagerup Nilson

Kommunikasjonssjef

Mob. 971 71 310