Grunna koronapandemien og omsyn til smittevern vil ikkje NVE halde opne folkemøter som vanleg i høyringsperioden. I staden vil NVE halde opne, offentlege kontordagar  i samband med høyringa på følgjande dato og stad i veke 42:

  • Tysvær kommune: måndag 12. oktober kl. 15.00-21.00 i Tysværtunet i Aksdal.

  • Vindafjord kommune: tysdag 13. oktober kl. 15.00-21.00 i Rådhuset i Ølen.

  • Etne kommune: onsdag 14. oktober kl. 15.00-21.00 i Skakke kulturhus i Etne.

  • Kvinnherad kommune: torsdag 15. oktober kl. 15.00-21.00 på Matre Gjestetun i Matre.

Det vil vere naudsynt med påmelding for kontordagane, og ein vil få tildelt tid for oppmøte. Det kan vere maksimum tre påmelde frå kvar husstand/interessegruppe og alle må registrerast med namn og kontaktdetaljar ved påmelding. Vi ber at dei påmelde møter opp til booka tid.

På grunn av omsyn til smittevern, vil det ikkje vere mogleg å møte opp utan avtale.

Dersom du har booka tid og får feber, sår hals eller andre symptom på luftvegsinfeksjon eller koronavirus, ber vi deg kansellere avtalen. 

Booking av tid til kontordagane, søknaden med vedlegg og skjema for fråsegner er tilgjengeleg på NVE sin nettstad i denne lenka:

https://www.nve.no/konsesjonssaker/konsesjonssak?id=4728&type=A-1

 

Fråsegner kan òg sendast som e-post til nve@nve.no eller som brev til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO.


Fråsegner må sendast til NVE innan 14. desember 2020.

 

Statnett har sendt inn konsesjonssøknad med konsekvensutreiing for ein ny 420 kV kraftleidning frå Blåfalli i Kvinnherad kommune til Gismarvik i Tysvær kommune. Omsøkte leidningstraséar går gjennom Kvinnherad, Etne, Vindafjord og Tysvær kommunar. Statnett søkjer om fleire traséalternativ på enkelte delstrekningar. Leidningen er planlagd til å vere 85-95 km lang avhengig av traséval. Statnett søkjer óg om å byggje og drive ein ny transformatorstasjon i Gismarvik i Tysvær kommune, og å utvide Blåfalli koplingsstasjon i Kvinnherad kommune.