Kvifor bygger vi?
(01.02.2010)
Statnett planlegg ny stasjonsløysing for 420 kV koblingsanlegg i Salten. Bakgrunnen for tiltaket er at eksisterande stasjonsløysing har vore eit provisorium som på sikt skulle oppgraderast. I dag er det behov for ytterligare transformeringskapasitet (ny produksjon samt aukande spesialregulering) i området, samt at driftserfaringar med linjenettet har medført uønska utkoblingsomfang ved feil.
Salten transformatorstasjon ble bygd for ca. 20 år sidan. Det vart den gangen valgt ei forenkla teknisk løysing ettersom ledningen bare gjekk til Kobbelv med enkel transformator. Etter denne tid har ledningen vorte forlenga til Svartisen og vidare sørover. Ettersom det ikkje finns ein effektbrytar på avgang mot Kobbelv så vil feil på denne linjedelen også medføre at Salten transformatorstasjon også fell ut. Det samme forholdet medfører utkoblingar ved revisjonar.
Salten transformatorstasjon er lokalisert i Sørfold kommune innerst ved Straumsvatnet. Stasjonen er etablert i ein bakke som gir bygningsmessige utfordringar. Området er lite eigna til å anlegge ein ny stasjon (for lite og vanskeleg terrengmessig). Det er difor sett på ulike alternativ. Det mest aktuelle området er Lemmen som ligg litt høgare oppe i terrenget. Fordelane ved dette området er at det allereie er koblingsanlegg i området samt at det berre vil kreve mindre omleggingar av linjetrase.
Det er gjennomført befaring med grunneigarar på ny veg og koblingsanlegg. Det kom diverse innvendinger mot opprinneleg vegtrase. Dette har medført at ein er i ferd med å vurdere ny vegtrase frå Straumsvatnet og opp til Lemmen. Det nye utkastet tek utgangspunkt i eksisterande veg men denne vil bli omlagt i byrjinga grunna for stor stigning. Ved transport av trafoer så vil samla lengde bli rundt 70 meter og totalvekt på 450 tonn.
Statnett ønsker å gjennomføre ei ombygging av Salten transformatorstasjon som eit ledd i å sikre forsyninga til kunder i området og forsyningssikkerheten til Nord-Norge. Utbygginga er berekna til rundt 200 MNOK.
Eksisterende anlegg vil verte fjerna og området rehabilitert.